Anderace.
"ØYSTEIN": Fikk prisen for beste representant for eldre segedreven fiskebåt.
M/Y "MATHILDE: Vant publikumsprisen.

Vellukka festivalhelg i Nordheimsund

Hardanger trebåtfestival gikk av stabelen i strålande sol i helga.

Publisert Sist oppdatert

HOVEDBILDE: Nordheimsund under Hardanger trebåtfestival 2013. Foto: Hardanger trebåtfestival.

Pressemelding;

5000 store og små publikummarar fordelte seg mellom Norheimsund sentrum og Hardanger Fartøyvernsenter, og den nye strandvegen vart flittig brukt.

Det ble arrangert historisk hending med kappseglas på sundet i Norheimsund, og kyrkjeferd med robåt og veteranbuss til musikkgudsteneste i Vikøy kyrkje.

Også klassisk anderace frå Straumbrua ble avholdt, som vart vunne av Sigurd Vangdal.

 

Festivalprisar som vart delt ut

Fleire priasr vart utdelt, av en jury bestående av julyleiar Thomas Anmarkrud i tillegg til Kristian Djupevåg og  Jon Walsted.

1. BESTE ORGINALMOTOR: ”LARS TVEIT”. Eigar Opsangervågen veteranbåtlag Ei 24 fots snekke frå 1948 med 5-9hk SABB semidiesel. Motoren, frå 1937, sto opprinnelig i ein livbåt til ein Mowinckel båt som låg i opplag i Dakar under krigen. Henta til Løfallstrand i 1947 og sat i ein klinka båt. Motoren restauret fullstendig og sett i denne båten for to år sidan. Går som ei klokke. Vi har også andre gode originalmotorar, som for eksempel i ”Sjøgutt”, men den fekk pris då båten heitte ”Terje”, så i år blir det ”Lars Tveit”

 

2. BESTE UTRADISJONELLE YRKESFARTØY: ”LAUVANGER”. Eigar Anne Grete og Olav Hammersland”Kirkeskøyta” vart sjøsett i 1945. Vigsla til kyrkjeleg teneste langs Finmarkskysten fram til 1952. Då fekk den navnet Lauvanger. Har gjennomgått ei fullstendig oppgradering hjå Urnes båtbyggeri dei siste åra. Er framleis å karakterisera som eit yrkesfartøy då den vert brukt i kyrkjeleg teneste.

 

3. BESTE REPRESENTANT FOR ELDRE SEGLDREVEN FISKEBÅT: ”ØYSTEIN”. Eigar Trellevik Båtlag Notbåt tilhøyrande Trellevik Kystlag i Sund kommune på Sotra. Visstnok bygd i Herand ved århundreskiftet (18 – 1900) og var båt nr. 2 i felles notlag frå Trellevik. Framstår mykje som den var originalt. Svært pen skrogfasong, og skal ifylgje kjennarar ”segla skjorta” av konkurrerande gavlbåtar.

 

4. BESTE REPRESENTANT FOR ELDRE MOTORDREVET FISKEFARTØY: ”M/K SJØGUTT”. Eigar: Terje MidtunHar tidligare vore på festivalen som ”Terje”. Bygd i 1921 og har ein 20 hk Wickmann frå 1947. Framstår som svært original og truverdig. Eigaren har lagt ned mykje arbeid i å halda den reine stilen. Verna av riksantikvaren.

 

5. GODT HÅNDVERK: ”OSELVARVERKSTADEN” ved Åsmund Lien. Juryen var veldig klare på at handverket i alle detaljer er svært nøyaktig og med jamn kvalitet av høg klasse. Rene smykket! Oselvarverkstaden gjer ein kjempejobb som opplæringsbedrift og kulturberar.

 

6. INOVATIV TRADISJONSDESIGN: BJØRNEVIK Båt - HALGEIR BJØRNEVIK Eit eksempel på ein som har gått ei god læretid i Oselvarverkstaden og som arbeider med å utvikla seg og faget vidare. Aktre delen av botn er lagt ekstremt ut for å gje god bæring på slør og lens, men er framleis skarp i forskipet. Litt som ein moderne havseglar utan at det har gått ut over den tradisjonelle fasongen. Ein modig konstruksjon.

 

7. PUBLIKUMSPRISEN:  ”M/Y MATHILDE”. Eigar: Roger Reigstad 33 fot av skroget vert bygd i 1933. 6 fot ekstra og resten av overbygget sto ferdig i 2012. Begrunnelsen som gjekk igjen frå publikum var: ”Nydelig restauret!”. Publikum kan ikke sjå at den faktisk er tilnærma eit ”nybygg”. Svært dyktig designet og utført! 
2. plass ”INGER 2”, 3. plass ”HITRA”

8. BEST POTENSIALE: ”KARMA”. Eigar: Geir Madsen Her har juryen ”kuppet” Festivalsjef Geir Madsen med håp om at båten sin rekonvalesens kan kortast ned med eitt år. På den andre sidea er vi fullstendig klar over at jobben som festivalsjef stel mykje av fritida hans, så faren ved å gje han denne prisen er at han seier frå seg arbeidet som festivalsjef for å gje seg fullstendig hen til båtrestaurering. Karma er ein såkalt Moas Ark, byggd ved Greåker Bruk i 1977. Den er 28 fot og det me vil karakterisera som ein ”Kvasi gavel”.

 

9. HEDERSPRISEN: ”HITRA”. Eigar: Marinemuséet i Horten. 70 års jubilant i år. Stiller trufast opp og berikar miljøet på maritime arrangement langs norskekysten. Båt og mannskap gjer ein stor innsats for å formidla viktig maritim krigshistorie.