Kinnaspelet, Kinn
Kinnaspelet ,Kinn

Kinnaspelet, Kinn

22.-23.juni

Publisert Sist oppdatert

Blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Noreg, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup», om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn. Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse, og publikum får no bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt "lille kirkespill" om prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Båtane kjem frå kvarandre og Søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.