Om å importere båt fra utlandet

Når du som privatperson skal importere ein fritidsbåt til Noreg, må du betale 25 prosent meirverdiavgift (mva) av totalverdien. Du skal ikkje betale toll for import av fritidsbåt.

Publisert Sist oppdatert

Tilsvarende gjeld for næringsdrivande som ikkje er registrert i mva-registeret.

Totalverdien = båtverdien + frakt + eventuelle andre kostnader som har kome på i utlandet som t.d. kostnader til utbetring, ombygging, CE-merking o.l.

Du må betale meirverdiavgift uansett alderen på båten. Tollverdien (grunnlaget for berekning av meirverdiavgift) blir fastsett etter reglane i tollova kapittel 7.

Døme:

Ein båt blir kjøpt i Danmark for 65 000 kroner. Frakt- og forsikringskostnader fram til Noreg kjem på 1 500 kroner. Du skal betale:

Meirverdiavgift: (65 000 kroner + 1 500 kroner) * 25 % 

= 16 625 kroner

Ein båt blir kjøpt i Tyskland for 50 000 kroner. Frakt- og forsikringskostnader fram til Noreg kjem på 1 500 kroner. I tillegg betaler du for enkle utbetringar med totalt 8 000 kroner. Du skal betale:

Meirverdiavgift: (50 000 kroner + 1 500 kroner + 8 000 kroner) * 25 % 

= 14 875 kr

Du skal ikkje betale toll for fritidsbåtar.

Slik innfører du båten

Ta straks kontakt med Tolletaten når du kjem til Noreg med båten du skal innføre. Tolletaten vil berekne avgiftene du skal betale.

Kjem du køyrande: Vel ein grenseovergang med betjent tollstad.

Kjem du sjøvegen: Ta kontakt med næraste tollstad.

Verksemder som er registert i mva-registeret

For verksemder som er pliktig å registrere seg i mva-registeret, blir innførsels-mva ikkje lenger bereknet, innberettet og betalt via ein tolldeklarasjon, det skal skje i mva-meldinga.

Krav til CE-merking av båtar og motorar ved innførsel

Alle båtar med lengd på skroget frå 2,5 til 24 meter og vasscooterar skal vere CE-merkte. Unnateke er båtar som var i bruk i eit EU/EØS-land før 16. juni 1998. CE-merket viser at båten oppfyller tryggleikskrava for båttypen.

Motorar skal i utgangspunktet vere CE-merkte av produsenten.

Turistar og andre som er i Noreg mellombels

Dersom du er turist eller har anna mellombels opphald i Noreg, kan du ta med deg utanlandsk fritidsbåt mellombels utan å betale avgifter. Båten skal vere til personleg bruk, og han kan ikkje nyttast av personar med fast opphald i Noreg. Dersom du oppfyller desse vilkåra, treng du ikkje å melde deg for Tolletaten ved innførselen.

Båten må utførast når du forlèt landet. Han kan likevel etterlatast på visse vilkår.

Flytte til Noreg

Du kan ta med deg fritidsbåten tollfritt til Noreg dersom desse vilkåra er oppfylte:

Du må ha budd i utlandet samanhengande i minst fem år like før innreisa.

Båten må ikkje vere over 15 meter.

Du må ha eigd båten i minst 12 månader før innreisa og brukt han i utlandet i same tidsrom.

Du må ta med deg båten til Noreg seinast eitt år etter innreisa.

Du må behalde båten i minst to år etter fortollinga før han kan seljast eller overdragast.

Du må dokumentere vilkåra når du innfører båten. Søknad om tollfritak skal sendast til den tollregionen du flyttar til.